Velkomen til Millennium Cowork
Vi skapar tusen gode grunnar til å trivast på arbeidsplassen
Velkomen til eit heilt nytt kontorfellesskap ved ein av dei vakraste fjordane på Sunnmøre. Her får du jobbe med utsikt til fjord og fjell
– i omgjevnader som inspirerer til både ro og skaparkraft.
Eit fellesskap der du kjenner deg heime, og kvaliteten talar for seg sjølv.

Vi tilbyr ulike kontorløysingar

Eiga avdeling
Våre avdelingskontor er skapt for dei som treng plass til heile teamet. Med skreddarsydde lokalar får de ein eigen avdeling som er tilpassa bedrifta sitt behov.

Møterom
Våre møterom har plass til opptil 60 personar og ligg i rolege omgivnader. Book eit møterom når kundane kjem på besøk eller når bedrifta skal ha møte. Med moderne utstyr og enkel tilkopling blir det lett å gjennomføre både fysiske og digitale møte.

Individuelt kontor
Vi tilbyr individuelle kontorlokale i ulik storleik. Her får du høve til å arbeide uforstyrra samstundes som du nyttar fordelane ved å vere ein del av eit fellesskap.

Ope landskap
Kontor i opent landskap er perfekt for deg som jobbar åleine eller som ønskjer å tilbringe nokre dagar i veka på kontoret. Reserver ein skrivepult som du kan nytte enten på fast basis eller som drop-in.
Millennium Kafé

Kaféen
Ein lun møtestad for store og små, med heimelaga mat, god kaffi, leikeområde for barna og nydeleg utsikt mot både hav og fjell. Velkomen til oss – enten du vil sitje inne, ute eller ta med maten på farten.

Kakebestilling
Sjokolademousse, suksessterte, ostekake eller makronar? Bestill noko som gjer dagen ekstra søt! Vi lagar også deilige kaker til dåp, konfirmasjon og andre høve.

Møtepakkar
Skal du arrangere møte, frukostsamling eller kurs hos oss? Vi har møtepakkar frå enkel kaffiservering til komplette dagspakkar med lunsj, snacks og påfyll gjennom heile dagen.

Selskapsmeny
Vi tilbyr smakfulle selskapsmenyar til arrangementer, dåp, konfirmasjon og andre markeringar – enten du leiger lokaler hos oss, eller ønskjer maten levert som catering.